Bli kjent med oss
Kven vi er og kva vi kan tilby
Vi er ein flokk i stadig vekst. Vi trur på styrken i fellesskap, sjølvberging og det enkle, men rike livet nær naturen. Gården iLag held samlingar på i Samanger, Noreg er på 2200 mål, vi har eit stort potensiale for vekst og utvikling, og vi ønskjer å dele dette med deg!
Her er det rom for eit liv som kombinerer samhald, sjølvberging og ein berekraftig kvardag.
Vi samskapar ein livsstil der det er mogleg å dyrke eigen mat, dyrehald, delta i fellesskapsprosjekt, og utforske moglegheiter innan landbruk, turisme og kreativitet. Vi har konsesjon til å bygge mikrokraftverk, byggjer redskapshus, lite fjøs, og drivhus. Her er det også plass til innovative prosjekt og vi har flytande badstu, utekjøkken, tiny-hus, dome og sagbruk.
I tillegg til landbruk, tilbyr vi moglegheiter for fiske, småvilt jakt og turisme, samt å arrangere kurs, festivaler og ulike events. Vi ser også på moglegheita for å starte opp eit bakeri, produsere honning, lage eigenproduserte REKO-ring produkt og kanskje drive med kunst handtverk? Her er mykje livslyst og pågangsmot.
Tidlegare har vi hatt hundespann, hest, gris, sau, høns og kaniner på garden og vi saknar dyra, men ikkje heiltidsansvaret. Kankje du lengtar etter meir dyr i livet? Dette er ein stad for deg som vil masse, som ønskjer å leve nært naturen, utforske kreative moglegheiter og vere ein del av ein levande, dynamisk fellesskap. Vi trur på at det å skape noko saman, både for oss sjølve og for andre, gir livet ein større meining
Styret i iLag
Kontakt oss
Interessert i å samskape? Fyll ut informasjon skjema, så kontakter vi deg snart. Vi gleder oss til å høre fra deg!